onsdag 25. juni 2008

Det nærmar seg stadig!


Dagane vert stadig færre mellom nå og bryllupet ! Me skal i den forbinding oppdatera vår blogg ganske så ofte så de kan få eit innblikk i kva me gjer i dagane før bryllupet.

Denne helga var Jorunn og eg ledara på actionlederdager, dette er ein leir for lederane som skal på KRIK action leiren. Me har samman med eit styre planlagt denne helga siden februar. Det var godt å få dette unna og at det gjekk så greit med opplegget. Nå er det berre planlegging til bryllupet som er i fokus. Me er fortsatt i Oslo, men eg vender nasen heim i helga etter to dager til med jobb. Jorunn skal reise til sørlandet i morgon, men kjem til Hardanger på mandag.

Ellers er det spanande for meg sidan eg får veta mine eksamenskarakterar denne veka. Dette har mykje å sei for kvar me havnar til hausten.

Ingen kommentarer: